For 5. gong arrangerte Sangkameratene ei sang- og musikkhelg på Ebeneser. Inviterte gjester var denne gongen Ingrid og Karl Dag Kjosavik og Anne Hilde og Arve Reigstad.

Ingrid og Karl Dag Kjosavik utgjorde ein fin duo som spreidde glede og inspirasjon. Kjekt er det óg å bruka lokale krefter. Ekstra gildt var det for koret å vera med Ingrid på sangen Det finns en kjelda. Ja, håret til Ingrid stod rett ut grunna energien frå dei sterke mannfolka bakføre henne. Det er jo ikkje så sjeldan at mannskoret får skryt når dei syng rundt omkring, men å høyra det frå proffe folk altså, det må kjennast godt!

Anne Hilde og Arve Reigstad var eit særs gildt kjennskap. At sangvalet deira gjekk rett inn hos forsamlinga var tydeleg å merka. Når det heile blei bunde saman med personlege opplevingar og åndelege erfaringar, vart det svært oppbyggelege samlingar. Dei fortalde om liding og smerte i familien få andre heldigvis opplever. Glede og takksemd til Gud som hadde bore dei fram skein igjennom. Dette var sangar som vart formidla så ekte og nært, frå hjarta, at tilhøyrarane ikkje kunne unngå å bli rørte.

Fint å høyra Jesus-sentrert forkynning av Arve på søndag. Mange fekk trøyst og oppmuntring til å halda fast i korset, sjølv om bølgjene somme tider kan slå høgt og hardt. Godt å vita at Gud ikkje legg på oss meir enn me kan tola, sa Reigstad i talen.